onsdag 17. mars 2010

Progresjonsplan innafor informasjonskompetanse?

Er det nødvendig med ein progresjonsplan når det gjeld å lære elevane å beherske informasjonskompetanse? I skrivande stund er eg vikar for 8 klasse som skriver oppgåver om ulike tema. Det sjokkerer meg at veldig mange bruker wikipedia som hovudkjelde. Det er flott at dei skriv kjeldeliste, men trur ikkje at dei veit korleis wikipedia er bygd opp. Eg meinar at ein bør ha undervisning om korleis finne ut om kjelda er påliteleg og å finne fram til gode kjelder, så vel som å lære viktigheita av å faktisk skrive kjeldeliste. Slik blir elevane bevisste på kva som eigentleg finnast på nettet. Ikkje berre finn vi informasjon som er laga av privatpersonar, men også sider som reklamerer for ulike produkt. Desse sidene viser ikkje akkurat elevane alle sider av ei sak like godt.

Eg såg at nokon skriver kjeldelister ved å bare skrive google.no og wikipedia.com. Desse adressene gir meg ingen ting når eg skal finne ut om elevar har kopiert eller tatt bilete. Google er ein søkeportal som viser til andre sider. Det er vel desse sidene elevane eigentleg bør vise i kjeldelista. Dette gjeld også om dei søkjer på bilete. Eg har ein hovudregel som seier at ein i hovudsak skal bruke den URLen som står der ein finn eit bilete eller ein tekst. Ellers er det heilt umogleg for ein lærar eller andre å sjå kva kjelder ein har brukt. Eit triks for at elevane skal gjere dette er å tipse dei om å skrive kjelder under vegs, og ikkje på slutten.. Då gløymer ein ikkje nokon og slepper å skrive google.no fordi dei ikkje veit kva side dei eigentleg har brukt.

Elevane må vere vare for kva informasjon ein finn på nettet og ein skal ikkje tru på alt ein finn. Heller ikkje på wikipedia. Eg får vondt av elevane som trur at dette er ei side med bare korrekt informasjon. Uheldigvis har eg berre enne eine timen med dei:(

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar