lørdag 17. april 2010

Netvibes.com

Netvibes er eit informasjonsnav der ein kan samle internettsider ein vi halde seg oppdatert på, både som RSS og lenkesamlar. Eg har laga eit offentleg infromasjonsnav i forbindelse med mappeoppgåve 3. http://www.netvibes.com/marie_bortheim#Saklige_sider.

Det er ulike måter å bruke eit slikt informasjonsnav i undervisning. Ein kan bruke det til lenkesamling i ulike fag, motivere elevane til å følge med på nyhende innafor fag eller generelle nyhende, eller som eg har skrive om i oppgåva, hjelpe elevane til å vere meir kritiske til kva dei finn på internett. Ein kan kategorisere ulike typer sider til å vere objektive eller ikkje truverdige. Elevane får då innsikt i at ikkje alt ein les på internett er sant og ofte har forfattar ei anna synsvinkel til stoffet enn det vi er på jakt etter.

Produksjon av animasjonsfilm

På siste samling fekk vi oppgåve å lage ein animasjonsfilm. Det kunne vere ei reklame eller eit eventyr. Gruppa mi valde å lage ein reklamefilm for binders. Den blei slik:



Vi brukte digitalkamera med stativ og satte bileta saman til film og la på lyd ved hjelp av Windows moviemaker. Eg trur dette er ei kjekk arbeidsmetode i skulen og elevane vi klare oppgåvene bra, men dei må få litt lengre tid enn oss studenter. Å arbeide slik vil ikkje berre auke deira tekniske ferdighet, men også øving i samarbeid og konfliktløysing, samt større innsikt i ulike film og litteratursjangre.

onsdag 17. mars 2010

Progresjonsplan innafor informasjonskompetanse?

Er det nødvendig med ein progresjonsplan når det gjeld å lære elevane å beherske informasjonskompetanse? I skrivande stund er eg vikar for 8 klasse som skriver oppgåver om ulike tema. Det sjokkerer meg at veldig mange bruker wikipedia som hovudkjelde. Det er flott at dei skriv kjeldeliste, men trur ikkje at dei veit korleis wikipedia er bygd opp. Eg meinar at ein bør ha undervisning om korleis finne ut om kjelda er påliteleg og å finne fram til gode kjelder, så vel som å lære viktigheita av å faktisk skrive kjeldeliste. Slik blir elevane bevisste på kva som eigentleg finnast på nettet. Ikkje berre finn vi informasjon som er laga av privatpersonar, men også sider som reklamerer for ulike produkt. Desse sidene viser ikkje akkurat elevane alle sider av ei sak like godt.

Eg såg at nokon skriver kjeldelister ved å bare skrive google.no og wikipedia.com. Desse adressene gir meg ingen ting når eg skal finne ut om elevar har kopiert eller tatt bilete. Google er ein søkeportal som viser til andre sider. Det er vel desse sidene elevane eigentleg bør vise i kjeldelista. Dette gjeld også om dei søkjer på bilete. Eg har ein hovudregel som seier at ein i hovudsak skal bruke den URLen som står der ein finn eit bilete eller ein tekst. Ellers er det heilt umogleg for ein lærar eller andre å sjå kva kjelder ein har brukt. Eit triks for at elevane skal gjere dette er å tipse dei om å skrive kjelder under vegs, og ikkje på slutten.. Då gløymer ein ikkje nokon og slepper å skrive google.no fordi dei ikkje veit kva side dei eigentleg har brukt.

Elevane må vere vare for kva informasjon ein finn på nettet og ein skal ikkje tru på alt ein finn. Heller ikkje på wikipedia. Eg får vondt av elevane som trur at dette er ei side med bare korrekt informasjon. Uheldigvis har eg berre enne eine timen med dei:(

fredag 12. mars 2010

Digitale verkty i TPO.

Eg har vert ein del vikar på ein skule i kommunen eg bur. Der blir elevar med dysleksi tilbydd datamaskin med installert lingdys og lingright. To gutar på 10. årssteg brukar dette flittig, men dei første gongane eg var i klassa trudde eg dei dreiv med heilt andre ting enn å gjere skulearbeid! Anskiktet langt inn i skjermen og headsett på øyra trudde eg at det var musikk og speling som var kjekt, men då eg såg ka dei dreiv med var det skriveprogram og msn som var einaste programma som var igang i tillegg til læringsplattforma its learning. Headsettet vart brukt til å høyre kva dei skreiv og msn vart brukt til å sende oppgåvene dei skreiv mellom seg.

Når klassa skulle ha prøver blei oppgåva også lagt ut på its learning slik at elevane med dysleksi kunne hente ned oppgåva og høyre teksten. I tillegg fekk dei skrive prøva på nettet og levere den digitalt. Dette var ein stor motivasjon for desse elevane. Hadde dei ikkje fått brukt desse hjelpemiddla hadde dei hatt store problemer med å lese oppgåveteksten, og lærar hadde hatt vanskar med å tyde uleseleg skrift med mykje skrivefeil.

Også elevar på yngre klassesteg brukar dette hjelpemiddelet, men i mindre grad. Er dette fordi lærarane til desse elevane ikkje er så datakyndige og klarer å hjelpe elevane når dei står fast. I eit tilfelle i engelsk kan eg seie at dette stemmer. Lærar ville ikkje ta i bruk lingright før han hadde fått kurs i det, grunna han ikkje kunne programmet. Å prøve å finne ut av det sjølv var uaktuelt sjølv om programmet var installert på maskinene. Derfor fekk ikkje elevane den hjelpa dei trengde når dei skulle lese engelsk og sleit derfor lenge med dette.

Eg meiner at dingdys og lingright er gode hjelpemiddel for elevar som har dysleksi eller lese og skrivevanskar. Elevane får hjelp til heilordslesing, rettskriving, setningsoppbygning og setningssamansetning både i norsk og engelsk språk. Derfor er det viktig at elevar som treng det får lære seg å bruke det tidlegast mogeleg slik at gode arbeidsvanar blir danna i desse programma.

fredag 5. mars 2010

Bruk av Google Earth i undervisning

Oppgåve: Finn og tag ti kjente bygninger i verden og skriv ti faktasetninger om de. Dette kan vere religiøse bygninger, kjente kjennemerke i byer osb.

For å variere opplegget eller knytte det nærmare mot noko fast kan ein ta utgangspunkt i eit land eller ein by i dette arbeidet. Grunnen for at Google Earth er eit godt hjelpemiddel er at elevane får sjå korleis det virkeleg ser ut, ikkje berre sjå bilete av stadane.

Kompetansemål etter 7. årstrinn
Elevane skal kunne:

RLE
- beskrive tempelet og synagogen og reflektere over deres betydning og bruk og nytte digitale verktøy til å søke informasjon og lage presentasjoner

Geografi
- lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar


Kunst og handverk
- beskrive særtrekk ved bygninger i nærmiljøet og sammenligne med nasjonale og internasjonale stilretninger



Eg har valt å finne ut meir om BigBen i London. Eg fann ei 360graders visning av tårnet i Google Earth og tok bilete av dette med verktyet Jing.



Eg satt på stadmarkering og skreiv inn nokre faktasetningar. Her kan elevane skrive inn fleire setningar og dele markeringa med lærar slik at lærar får sjå arbeidet. Eit alternativ er at faktasetningane blir skrive direkte i bloggen eller evt word.



Stedsmarkeringen sjå slik ut når vi har gjort ferdig

onsdag 3. mars 2010

Kultur for geotagging?

Mediesamfunnet har utvikla seg mykje siste åra, ein har gått frå å vere anonym til å legge ut fult namn og bilete av seg sjølve på nettet. Det neste blir no geotagging? At i tillegg til å legge ut bilete av seg sjølv vil merke av på eit kart kvar bilete er blitt tatt.

Tønnessen seier at det er ulikskapar mellom gutar og jenter i kva dei interesserar seg for ved bruk av datamaskina. Gutane likar godt å spele og utvikle tekniske ferdigheiter med maskina medan jentene vil heller bruke internett til å chatte med vener (Tønnessen 2007: 38). Eg tenkjer også at jenter liker å redigere bilete og eksprimentere med fargar, kontrastar osv. For å vise andre desse bileta kan ein bruke nettalbum, blogg eller facebook. For å ta dette eit skritt vidare vil det kanskje vere naturleg å merke av på kart kor desse bileta er blitt tatt? Vil dette føre til at det er stas å ta bilete på nye stader og at det å reise er viktigare no enn før for å få status i venneflokken??

Eg har vokse opp nokre år før mediegenerasjonen og ser at eg ikkje har eit stort behov for å eksponere mine opplevingar på nettet. Særleg ikkje i ein blogg. Derfor klarer eg ikkje heilt å sjå det store i å kunne plassere bileta på eit kart. Men eg rekner med at ungdommar i dag synes dette er heilt topp! Å kunne få legge til ein teknisk ferdighet ekstra til det å publisere bilete på nett!

_______________________________________________________
Tønnessen, E.S (2007), Generasjon.com. Mediekultur blant barn og unge. Oslo, Universitetsforlaget.

torsdag 11. februar 2010

Bruk av Comic life i undervisninga

Når eg har laga ei "teikneserie" i comic life har eg tatt utgangspunkt i at elevane kan bruke dette verktyet til å gjenfortelje private eller faglege hendingar. Ved å gjere hendingane om til teikneseriar vil elevane bli tvungen til å gjenfortelje med eigne ord. Det blir vanskeligere å kopiere tekst frå læreboka eller internett enn om ein skal skrive eller fortelje historia. Dessutan må elevane finne bilete som passer inn i historia. Det kan vere lurt at lærar har funne fram nokon bilete på førehand slik at ikkje bileteleiting tar for mykje tid av arbeidet. Eit anna alternativ er i Kunst og Handverksfaget der elevane teikner bileta og scanner inn og bruker Comic Life til å lage snakkebobler og layout.

Eg har laga ei kort, og lite detaljert framstilling av forfattaren Nordahl Grieg sitt liv. May Helen har tatt eit anna perspektiv, å gjenfortelje ei hending som skjedde på fritida. Hennar teikneserie finn du her.



Når eg i det følgande vil komme med ulike kompetansemål der slikt arbeid passer inn under vil eg fokusere på mellomsteget.

Etter 7. årstrinn:
Norsk
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- referere og oppsummere tekster
- presentere egne leseerfaringer fra skjønnlitteratur og fagbøker skriftleg
- bearbeide digitale tekster og drøfte virkningene.
- presentere egne tolkninger av personer, handling og tema i et variert utvalg av barne- og ungdomslitteratur (...)
- Lese og gjengi innholdet i enkle litterære tekster på svensk og dansk

Samfunnsfag:
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- gjere greie for entrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa (...)
- skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar du frå samfunnet dei lever i

Kunst og håndverk:
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- lage tegneserier (...)

_________________________________________________________
UFD (2006) Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Midlertidig utgave 2006. Oslo, Utdanningsdirektoratet

mandag 8. februar 2010

Bruk av digitale tankekart


I tillegg til halvårseining i DKL studerar eg også ei halvårseining i mat og helse dette året. Når eg skulle lese til eksamen før jul i mat og helse tykte eg pensumet i helse-delen var svært uoversiktleg og lite strukturert. Eg laga derfor eit tankekart over emnet for å få betre oversikt, og det fungerte godt. Om eg skulle laga dette på papir hadde fort arka blitt for små. Kartet blei stort og det hjalp veldig å kunne skjule ting når eg ikkje ville ha dei framme. Slik blei det lett å halde oversikt og eg kunne bruke verktyet også til å pugge!

Ei anna oppleving med digitale tankekart hadde eg når eg var vikar i ei 7 klasse. Elevane skulle bruke tankekart som start i ein skriveprosess og tankekarta som vart laga på papiret blei uoversiktlege og ikkje særleg fine. Elevane rabla ned noko for å bli fort ferdig. Dei blei uleselige. Eg ville prøve å sjå om tankekarta blei betre om vi laga dei digitalt. Elevane henta bærbare pcer og satt i klasserommet. Vi brukte tankekart frå www.mindomo.comElevane vart no eir ivrige og faget kom no i fokus ved at tankekarta blei større. I tillegg satte dei inn bilete som blei assosiert med tema dei skulle skrive om. Dette fungerte supert:D

mandag 18. januar 2010

Lenke til gruppewiki.

På første samling i vår laga gruppa mi ein wiki der vi diskuterer pedagogiske moglegheiter i nettsamfunn. Lenke til wikien finn du her.

Eg, Tove Merete og May Helen diskuterte nettsamfunna Youtube, Facebook, wikispaces og chatteverktyet MSN Live Messenger. Vi ser her at tre av nettsamfunna er asynkrone (treng ikkje vere pålogga samtidig) mens MSN er eit synkornt verkty. På grunn av dette vil verktya gje ulike bruksområde.

onsdag 13. januar 2010

Pedagogisk bruk av nettsamfunn

De fleste elever i skulen har tilgang til internett og er også medlem av ulike nettsamfunn. Eg har sjølv tidlegare vert medlem av blink og nettby og no medlem av facebook, del og bruk og twitter.

Når ein skal bruke IKT i skulen meinar eg det er viktig å fokusere på det faglege og vise elevane ulike metodar å tilnærme seg fagstoffet på. Ein tilnærming kan vere å bruke dei ulike nettsamfunna elevane er medlem i til å diskutere og reflektere over fagstoffet både på skulen og heime. På nettsamfunna kan diskusjonane og samtalane fortsette også etter skuletid. Slik vil elevane etter kvart vise meir interesse for faga og lekser vil kanskje ikkje bli gjort fordi dei må, men fordi dei ønsker å lære meir?

Del og bruk blei eg kjend med gjennom studiet. Eg ser på dette som ei nyttig side for meg når eg kjem ut i skulen som lærar. Her kan ein bli medlem i ulike grupper og starte og svare på innlegg. Lærarar vil her både gi av eigne erfaringar og kunne ta til seg andre sine erfaringar i ulike emne. Døme på ulike grupper ein kan melde seg inn i er "matematikk for ungdomssteget" og "naturfag".

Eit likt tilbod for elevane kan ein lage seg på facebook. Her kan ein opprette grupper som elevane kan verte medlem av. Når ein lager gruppene kan ein bestemme om dei skal vere opne for alle eller berre for dei som er medlem. Her kan lærar og elevar starte samtaler, diskusjoner eller stille spørsmål. Ein kan også legge ut bilete og filmar. Det positive med både facebook og Del og bruk er at ein ikkje treng vere avhengig av at andre er pålogga for å kunne føre ein samtale. Ein skriv i foruma når vi er pålogga og andre svarar når dei loggar på. Slik vil ikkje ein vere så avhengige av at alle er pålogga til same tid. Men i desse nettsamfunna kan ein også chatte direkte med andre brukarar som er pålogga. Då kan ein få svar på spørsmål raskare enn å måtte vente på at andre er pålogga og svarer. Dette hjelpemiddelet kan vere nyttig når ein for eksempel sitter heime med leksene og trenger litt hjelp for å komme vidare.

Twitter har eg ikkje sett på så mykje, sidan eg oppretta med konto nyleg. Einaste moglegheiten for å lage seg grupper her er å lage ein profil som elevane blir tilhengar av. På denne profilen kan ikkje elevane bidra anna enn å skrive kommentarar. Andre kan kommentere det som er skrive og på denne måten kan elevar og lærar samtale om fag.