fredag 12. mars 2010

Digitale verkty i TPO.

Eg har vert ein del vikar på ein skule i kommunen eg bur. Der blir elevar med dysleksi tilbydd datamaskin med installert lingdys og lingright. To gutar på 10. årssteg brukar dette flittig, men dei første gongane eg var i klassa trudde eg dei dreiv med heilt andre ting enn å gjere skulearbeid! Anskiktet langt inn i skjermen og headsett på øyra trudde eg at det var musikk og speling som var kjekt, men då eg såg ka dei dreiv med var det skriveprogram og msn som var einaste programma som var igang i tillegg til læringsplattforma its learning. Headsettet vart brukt til å høyre kva dei skreiv og msn vart brukt til å sende oppgåvene dei skreiv mellom seg.

Når klassa skulle ha prøver blei oppgåva også lagt ut på its learning slik at elevane med dysleksi kunne hente ned oppgåva og høyre teksten. I tillegg fekk dei skrive prøva på nettet og levere den digitalt. Dette var ein stor motivasjon for desse elevane. Hadde dei ikkje fått brukt desse hjelpemiddla hadde dei hatt store problemer med å lese oppgåveteksten, og lærar hadde hatt vanskar med å tyde uleseleg skrift med mykje skrivefeil.

Også elevar på yngre klassesteg brukar dette hjelpemiddelet, men i mindre grad. Er dette fordi lærarane til desse elevane ikkje er så datakyndige og klarer å hjelpe elevane når dei står fast. I eit tilfelle i engelsk kan eg seie at dette stemmer. Lærar ville ikkje ta i bruk lingright før han hadde fått kurs i det, grunna han ikkje kunne programmet. Å prøve å finne ut av det sjølv var uaktuelt sjølv om programmet var installert på maskinene. Derfor fekk ikkje elevane den hjelpa dei trengde når dei skulle lese engelsk og sleit derfor lenge med dette.

Eg meiner at dingdys og lingright er gode hjelpemiddel for elevar som har dysleksi eller lese og skrivevanskar. Elevane får hjelp til heilordslesing, rettskriving, setningsoppbygning og setningssamansetning både i norsk og engelsk språk. Derfor er det viktig at elevar som treng det får lære seg å bruke det tidlegast mogeleg slik at gode arbeidsvanar blir danna i desse programma.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar