onsdag 17. mars 2010

Progresjonsplan innafor informasjonskompetanse?

Er det nødvendig med ein progresjonsplan når det gjeld å lære elevane å beherske informasjonskompetanse? I skrivande stund er eg vikar for 8 klasse som skriver oppgåver om ulike tema. Det sjokkerer meg at veldig mange bruker wikipedia som hovudkjelde. Det er flott at dei skriv kjeldeliste, men trur ikkje at dei veit korleis wikipedia er bygd opp. Eg meinar at ein bør ha undervisning om korleis finne ut om kjelda er påliteleg og å finne fram til gode kjelder, så vel som å lære viktigheita av å faktisk skrive kjeldeliste. Slik blir elevane bevisste på kva som eigentleg finnast på nettet. Ikkje berre finn vi informasjon som er laga av privatpersonar, men også sider som reklamerer for ulike produkt. Desse sidene viser ikkje akkurat elevane alle sider av ei sak like godt.

Eg såg at nokon skriver kjeldelister ved å bare skrive google.no og wikipedia.com. Desse adressene gir meg ingen ting når eg skal finne ut om elevar har kopiert eller tatt bilete. Google er ein søkeportal som viser til andre sider. Det er vel desse sidene elevane eigentleg bør vise i kjeldelista. Dette gjeld også om dei søkjer på bilete. Eg har ein hovudregel som seier at ein i hovudsak skal bruke den URLen som står der ein finn eit bilete eller ein tekst. Ellers er det heilt umogleg for ein lærar eller andre å sjå kva kjelder ein har brukt. Eit triks for at elevane skal gjere dette er å tipse dei om å skrive kjelder under vegs, og ikkje på slutten.. Då gløymer ein ikkje nokon og slepper å skrive google.no fordi dei ikkje veit kva side dei eigentleg har brukt.

Elevane må vere vare for kva informasjon ein finn på nettet og ein skal ikkje tru på alt ein finn. Heller ikkje på wikipedia. Eg får vondt av elevane som trur at dette er ei side med bare korrekt informasjon. Uheldigvis har eg berre enne eine timen med dei:(

fredag 12. mars 2010

Digitale verkty i TPO.

Eg har vert ein del vikar på ein skule i kommunen eg bur. Der blir elevar med dysleksi tilbydd datamaskin med installert lingdys og lingright. To gutar på 10. årssteg brukar dette flittig, men dei første gongane eg var i klassa trudde eg dei dreiv med heilt andre ting enn å gjere skulearbeid! Anskiktet langt inn i skjermen og headsett på øyra trudde eg at det var musikk og speling som var kjekt, men då eg såg ka dei dreiv med var det skriveprogram og msn som var einaste programma som var igang i tillegg til læringsplattforma its learning. Headsettet vart brukt til å høyre kva dei skreiv og msn vart brukt til å sende oppgåvene dei skreiv mellom seg.

Når klassa skulle ha prøver blei oppgåva også lagt ut på its learning slik at elevane med dysleksi kunne hente ned oppgåva og høyre teksten. I tillegg fekk dei skrive prøva på nettet og levere den digitalt. Dette var ein stor motivasjon for desse elevane. Hadde dei ikkje fått brukt desse hjelpemiddla hadde dei hatt store problemer med å lese oppgåveteksten, og lærar hadde hatt vanskar med å tyde uleseleg skrift med mykje skrivefeil.

Også elevar på yngre klassesteg brukar dette hjelpemiddelet, men i mindre grad. Er dette fordi lærarane til desse elevane ikkje er så datakyndige og klarer å hjelpe elevane når dei står fast. I eit tilfelle i engelsk kan eg seie at dette stemmer. Lærar ville ikkje ta i bruk lingright før han hadde fått kurs i det, grunna han ikkje kunne programmet. Å prøve å finne ut av det sjølv var uaktuelt sjølv om programmet var installert på maskinene. Derfor fekk ikkje elevane den hjelpa dei trengde når dei skulle lese engelsk og sleit derfor lenge med dette.

Eg meiner at dingdys og lingright er gode hjelpemiddel for elevar som har dysleksi eller lese og skrivevanskar. Elevane får hjelp til heilordslesing, rettskriving, setningsoppbygning og setningssamansetning både i norsk og engelsk språk. Derfor er det viktig at elevar som treng det får lære seg å bruke det tidlegast mogeleg slik at gode arbeidsvanar blir danna i desse programma.

fredag 5. mars 2010

Bruk av Google Earth i undervisning

Oppgåve: Finn og tag ti kjente bygninger i verden og skriv ti faktasetninger om de. Dette kan vere religiøse bygninger, kjente kjennemerke i byer osb.

For å variere opplegget eller knytte det nærmare mot noko fast kan ein ta utgangspunkt i eit land eller ein by i dette arbeidet. Grunnen for at Google Earth er eit godt hjelpemiddel er at elevane får sjå korleis det virkeleg ser ut, ikkje berre sjå bilete av stadane.

Kompetansemål etter 7. årstrinn
Elevane skal kunne:

RLE
- beskrive tempelet og synagogen og reflektere over deres betydning og bruk og nytte digitale verktøy til å søke informasjon og lage presentasjoner

Geografi
- lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar


Kunst og handverk
- beskrive særtrekk ved bygninger i nærmiljøet og sammenligne med nasjonale og internasjonale stilretninger



Eg har valt å finne ut meir om BigBen i London. Eg fann ei 360graders visning av tårnet i Google Earth og tok bilete av dette med verktyet Jing.



Eg satt på stadmarkering og skreiv inn nokre faktasetningar. Her kan elevane skrive inn fleire setningar og dele markeringa med lærar slik at lærar får sjå arbeidet. Eit alternativ er at faktasetningane blir skrive direkte i bloggen eller evt word.



Stedsmarkeringen sjå slik ut når vi har gjort ferdig

onsdag 3. mars 2010

Kultur for geotagging?

Mediesamfunnet har utvikla seg mykje siste åra, ein har gått frå å vere anonym til å legge ut fult namn og bilete av seg sjølve på nettet. Det neste blir no geotagging? At i tillegg til å legge ut bilete av seg sjølv vil merke av på eit kart kvar bilete er blitt tatt.

Tønnessen seier at det er ulikskapar mellom gutar og jenter i kva dei interesserar seg for ved bruk av datamaskina. Gutane likar godt å spele og utvikle tekniske ferdigheiter med maskina medan jentene vil heller bruke internett til å chatte med vener (Tønnessen 2007: 38). Eg tenkjer også at jenter liker å redigere bilete og eksprimentere med fargar, kontrastar osv. For å vise andre desse bileta kan ein bruke nettalbum, blogg eller facebook. For å ta dette eit skritt vidare vil det kanskje vere naturleg å merke av på kart kor desse bileta er blitt tatt? Vil dette føre til at det er stas å ta bilete på nye stader og at det å reise er viktigare no enn før for å få status i venneflokken??

Eg har vokse opp nokre år før mediegenerasjonen og ser at eg ikkje har eit stort behov for å eksponere mine opplevingar på nettet. Særleg ikkje i ein blogg. Derfor klarer eg ikkje heilt å sjå det store i å kunne plassere bileta på eit kart. Men eg rekner med at ungdommar i dag synes dette er heilt topp! Å kunne få legge til ein teknisk ferdighet ekstra til det å publisere bilete på nett!

_______________________________________________________
Tønnessen, E.S (2007), Generasjon.com. Mediekultur blant barn og unge. Oslo, Universitetsforlaget.