mandag 18. januar 2010

Lenke til gruppewiki.

På første samling i vår laga gruppa mi ein wiki der vi diskuterer pedagogiske moglegheiter i nettsamfunn. Lenke til wikien finn du her.

Eg, Tove Merete og May Helen diskuterte nettsamfunna Youtube, Facebook, wikispaces og chatteverktyet MSN Live Messenger. Vi ser her at tre av nettsamfunna er asynkrone (treng ikkje vere pålogga samtidig) mens MSN er eit synkornt verkty. På grunn av dette vil verktya gje ulike bruksområde.

onsdag 13. januar 2010

Pedagogisk bruk av nettsamfunn

De fleste elever i skulen har tilgang til internett og er også medlem av ulike nettsamfunn. Eg har sjølv tidlegare vert medlem av blink og nettby og no medlem av facebook, del og bruk og twitter.

Når ein skal bruke IKT i skulen meinar eg det er viktig å fokusere på det faglege og vise elevane ulike metodar å tilnærme seg fagstoffet på. Ein tilnærming kan vere å bruke dei ulike nettsamfunna elevane er medlem i til å diskutere og reflektere over fagstoffet både på skulen og heime. På nettsamfunna kan diskusjonane og samtalane fortsette også etter skuletid. Slik vil elevane etter kvart vise meir interesse for faga og lekser vil kanskje ikkje bli gjort fordi dei må, men fordi dei ønsker å lære meir?

Del og bruk blei eg kjend med gjennom studiet. Eg ser på dette som ei nyttig side for meg når eg kjem ut i skulen som lærar. Her kan ein bli medlem i ulike grupper og starte og svare på innlegg. Lærarar vil her både gi av eigne erfaringar og kunne ta til seg andre sine erfaringar i ulike emne. Døme på ulike grupper ein kan melde seg inn i er "matematikk for ungdomssteget" og "naturfag".

Eit likt tilbod for elevane kan ein lage seg på facebook. Her kan ein opprette grupper som elevane kan verte medlem av. Når ein lager gruppene kan ein bestemme om dei skal vere opne for alle eller berre for dei som er medlem. Her kan lærar og elevar starte samtaler, diskusjoner eller stille spørsmål. Ein kan også legge ut bilete og filmar. Det positive med både facebook og Del og bruk er at ein ikkje treng vere avhengig av at andre er pålogga for å kunne føre ein samtale. Ein skriv i foruma når vi er pålogga og andre svarar når dei loggar på. Slik vil ikkje ein vere så avhengige av at alle er pålogga til same tid. Men i desse nettsamfunna kan ein også chatte direkte med andre brukarar som er pålogga. Då kan ein få svar på spørsmål raskare enn å måtte vente på at andre er pålogga og svarer. Dette hjelpemiddelet kan vere nyttig når ein for eksempel sitter heime med leksene og trenger litt hjelp for å komme vidare.

Twitter har eg ikkje sett på så mykje, sidan eg oppretta med konto nyleg. Einaste moglegheiten for å lage seg grupper her er å lage ein profil som elevane blir tilhengar av. På denne profilen kan ikkje elevane bidra anna enn å skrive kommentarar. Andre kan kommentere det som er skrive og på denne måten kan elevar og lærar samtale om fag.