onsdag 18. november 2009

Hensyn.

Det er mange hensyn å ta når det gjelder bruk av bilete og lyd i skulen. Lærar vil gjerne ta bilete av aktivitetar klassen gjer og også gjerne klassebilete. Er det greit å legge ut bileta på skulens heimeside der alle kan gå inn å sjå? Eller burde bileta berre vere tilgjengelege om ein er innlogga på sida? Åndsverklova seier at fotografen har eneretten på eit fotografisk bilete innen 15 år etter hans levetid eller 50 år etter biletet blei tatt (Åndsverkloven §43a). Det vil seie at fotografen sjølv kan betemme om bileta skal publiserast eller ikkje.

Men ingen regel uten unntak. Om eit bilete har avbilda ein person skal den avbilda ha rett til å bestemme om biletet skal publiserast. Barn klarer ikkje å ta denne avgjørelsen sjølv, så foreldra må her kunne få avgjøre om sine barn skal avbildes på internett. Når ein kontakter foreldre er det viktig å forklare de kva målet med bileta er og kvar dei evt skal publiserast. Dette må legges fram på ein slik måte at foreldra ikkje blir pressa til å godta publisering. Foreldre liker å vite litt om kva elevane gjer på skulen, og bilete kan illustrere dette godt. Om foreldre ikkje vil ha bilete av sine bare på internett kan ein evt vise bilete frå skulen på foreldremøter osb. Eit alternativ er også at ansiktene til elevane er utydelige i bilete og aktivitetane er i fokus.

Desse hensyn må også elevane lære i forhold til sitt skulearbeid. Dei må få vite kva regler som gjelder slik at dei kan bruke lovlege kjelder i oppgåvene sine. Mange elever er i dag på facebook og andre samfunn der bilete ukritisk blir lagt ut på nettet. Ein legger ut bilete frå fest, turer, skulen osb uten at personene i biletet har akseptert dette på førehand. Når bileta først er kome på nett er det einaste ein kan gjere å ikkje "tagge" seg sjølv i bilete eller fjerne "tagg" om du allereie er merka i biletet. Slik ungår ein at bileta kjem opp på din profil. Men bileta er fortsatt på nettet. Eg har merka i det siste at aktiviteten av publisering av bilete på Facebook har gått ned. Eg trur no at ein ser konsekvensane av alle bileta som ukritisk har blitt lagt på sidene tidligere.
_____________________________________________________________
Åndsverkloven (1961) Lov om opphavsrett til åndsverk [Internett] Tilgjengelig fra
Lovdata: http://www.lovdata.no/all/hl-19610512-002.html
_

torsdag 12. november 2009

Refleksjon rundt bruk av digital lyd i undervisninga.

Ein kan bruke digital lyd i mange ulike fag i skulen. Det første eg tenkte på var å knytte det opp til leseopplæringa. Elevane les inn ein tekst og kan forbetre den så mange gongar dei vil før innlevering eller framvisning. ”Elevene har full kontroll over sin egen lesing og uttale” (Høiland og Wølner 2007: 90). Slik vil lærar motivere elevane til mengetrening innafor lesing. Alle elevar treng mengdetrening også etter leseopplæringa er overstått. Dette vil vere ein kjekk måte å prøve lese best mogeleg på. Medelevane treng då ikkje vite kor mange gongar ein har lest, men høyrer berre det eleven sjølv er fornøgd med om det framførast. Innspelingane kan også leggast i ei digital mappe og bli tatt fram med gjevne mellomrom for å vise eleven at ein blir betre lesarar ved øving.

Eg meinar elevar bør få sjå korleis eit lydprogram som Audacity fungerer, både med innspeling og redigeringsmoglegheiter. I dag er det veldig populært for ungdom å redigere bilete og eg reknar med at framover vil det også bli eit større marked for lydredigering. Når eg var liten var det veldig populert ei periode å spele inn lyd med kassettspelar. Der laga vi radiosendingar med nyhende, reklame og musikkinnslag. Når elevane blir kjent med programmet vil elevane sjå at dette er eit godt alternativ til den gode gamle kassettspilleren. Dette gir elevane større fridom til å lage akkurat det dei har lyst til ved å kunne redigere og legge lyden lag på lag.

Lyd kan også bli brukt som hjelpemiddel for elever som ikkje har så gode leseferdigheiter. Det har lenge vert utgitt bøker og kassetter/ cder som høyrer saman, der ein kan følgje med på teksten i boka medan ein høyrer den vert opplest. Slike cder er også nå utgitt saman med nokre skulebøker. Blant skjønnlitteratur er dei også kjende, og ein kan få tak i lydbøker med ulik lesehastighet slik at ein kan tilpasse høyringa til ulike elevgrupper.

___________________________________________

Høiland, Terje, Wølner, Tor Arne (2007): Fra digital ferdighet til kompetanse- om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen. Oslo: Gyldendal Akademisk.

søndag 1. november 2009

Bruk av rekneark

I grunnskulen brukte vi svært lite rekneark. Skulle det brukast var det innafor økonomi og statistikk i matematikkfaget. I fjor utvida horisonten seg for bruk av programmet ved at vi i kurset Matematikk 2 på HVO fekk lære korleis bruke rekneark til å trille terningar og rekne sannsyn av dette. I tillegg fekk vi innsyn i korleis bruke formlar i reknearket til å lage talrekker.

Det som var nytt for meg i denne leksjonen var bruk av betinga hendingar. Dette var spennande. Her opna det seg ei verd som ein godt kan bruke i skulen! Eg har i denne oppgåva i utgangspunktet brukt Exel 2007 men har importert filene i Google dokumenter når eg skulle publisere filene.

Den første fila eg har laga er ei matematikkoppgåve for lavare klassesteg som tar for seg tiarvenene.
https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=0Aqrkecnmsj9udDlCUWdaV0czNEtRTnBoUnhFdElONkE&hl=no

Elevane kan skrive inn tala dei meinar er tiarvener og får respons med ein gong om det er riktig. Ein variasjon på tilbakemeldinga kan vere at ruta dei skriv i blir grøn om dei får rett og raud om dei tek feil. Kanskje dette er ei betre tilnærming til elevane som ikkje les så godt enda?

I den neste oppgåva har eg tenkt på litt eldre elevar og tatt utgangspunkt i gangetabellane. https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=0Aqrkecnmsj9udE1KbG81eDlJekRJRVFqLVh6WDNhYmc&hl=no
Her kan elevane øve seg i alle mulige gangetabeller og få svar med ein gong om det er rett.. for å gi dei meir utfording kan ein endre rekkefølga på kolonne 2 slik at ein ikkje ganger først med ein og så med to...

Den tredje linken viser til korleis ein kan gjennomføre eller øve til ei gloseprøve... https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=0Aqrkecnmsj9udDhzVklTX0RXaEQxam80bjEwZjdmNEE&hl=no
Ein kan her tilpasse oppgåva til ulike fag. Einaste føresetnad er at svara i oppgåvene er eintydlige slik at ein kan seie om det er rett eller gale. Ein kan for eksempel øve rettskriving i norsk eller faktaspørsmål i samfunnsfag, RLE eller naturfag.

fredag 16. oktober 2009

Framheving av hovudobjekt



Her er ein bil før og etter redigering. Målet med redigeringa var å framheve hovudobjektet. Eg har redigert bilete i picasa. Eg har latt publikum bli utydlegare ved fokusering og at dei har fått meir like fargar. eg har også forsterka fargen til bilen slik at det blir eit naturleg blikkfang. Ein ser at bilen går frå høgre mot venstre, akkurat slik vi ser på eit bilde. Eg meiner dette er ein grunn for at bildet er behageleg å sjå på.

Kutting av bilder





Her har eg tatt utgangspunkt i eit bilde av ei høne. Høna står ca midt i biletet. Eg synes høna er litt tilfeldig plassert. Eg har vidare flytta høna litt rundt i forhold til tredelsregelen.





Her er høna satt til høgre i biletet. Ut frå regelen om at det som er til høgre i biletet blir først sett så er høna veldig i fokus. Dessverre er høna vendt feil veg og ser ut som den er på veg ut av biletet. Hadde høna vendt andre vegen ville biletet sett meir naturleg ut. Vi prøver derfor å sette høna på andre sida av bildet.




Her ser vi at Høna er meir naturleg plassert i biletet. Høna ser ut som ho er på veg gjennom tunet.. Men likevel synes eg at steinar og gras er mykje i fokus i forhold til hovedobjektet HØNA! Eg prøvar no at biletet skal vere i kvadratisk form.





Her har eg plassert høna på det gylne snitt. Eg synes høna er plassert litt langt ned i hjørnet i forhold til bilete som har breiddeformat i forhold til dette som er kvadratisk form. Så eg konkuderer med at bilete nr 3 er best av desse 4 bileta!

tirsdag 6. oktober 2009

Kommentar på innlegg om bruk av digitale hjelpemiddel i undervisninga

May Helen har skrive om ulike utfordingar det er med å bruke digitale verkty i undervisninga. Dette har eg skrive som kommentar til ho.

Bra det du skriv om at IKT må vere ein naturleg del av skulekvardagen for at elevane skal ha maks utbytte av dei digitale hjelpemidla. Elevane må kunne bruke programma på hensiktsmessig måte og sjå kor læringa skjer i programmet. Ungar lærer mykje gjennom leik og dette kan ein godt ta med seg inn i klasserommet slik du seier. Ved å bruke pedagogiske program som også er spel vil elevane kunne ta med seg tidlegare kunnskap om dataspel og bruke dette til å lære meir fag! Å lære skal vere kjekt. Utfordringa for læraren her etter mitt syn er å la elevane bli bevisst på si eiga læring etter økter med pedagogiske program.

For eldre elevar som ofte skal bruke tekstbehandling i skriveprosessen kan det ofte vere fristande å gå på internett istaden. Tekstbehandlingsprogram har verken lyd eller bileter ein kan bruke til å fange merksemda til elevane og alt dei ser på sjermen har dei produsert sjølve. Når ting blir kjedelig (feks at dei har skrivesperre) er det lett å gå inn på internett for å "finne inspirasjon". Det dei eigentleg gjer er vel heller å rote fokuset vekk frå skulearbeidet. Internett og fritidsspel bør heller ikkje brukast som belønning når elevane er ferdig med det dei skal gjere. nokon vil aldri komme så langt at dei får belønninga utan å ta ein eller fleire snarvegar.

torsdag 1. oktober 2009

Plagiat

"De fleste kan trolig enes om at arbeider som elever og studenter har kopiert og hentet på Internett er et økene problem" (JohnblOGG). Dette er nok trolig fordi det er ein lett veg til det dei menar er gode løysingar. Dei fleste ungdommar har fleire jern i ilden og vil ha mykje unnagjort på enkle måter for å kunne fokusere på andre ting.

Klart det er lett å gløyme å skrive kjelder nokre gonger på det ein skriv, derfor er det viktig at elevane tidlig lærer å skrive kjelder i tekstane sine. Eg har eit eksempel frå ei praksisperiode: Ein medstudent gir elevane side lekse å skrive eit referat heime av ein film dei har sett på skulen. Ein elev har tydlegvis ikkje fulgt godt nok med når filmen vises og når teksten skal skrives må eleven på wikipedia for å finne ut kva filmen handla om. Istaden for å sei i teksten at ein har henta informasjon derfra har eleven lata som det er sitt eige. Studenten fann det fort ut då det var mykje bokmålsformuleringar og avansert språkbruk og søkte i google på setningsutdrag. då var det lett å finne den opprinnelige teksten!

For at elevane skal skjønne alvoret i å plagiere andre sine tekstar kan ein ta utgangspunkt i at elevane skriver studieblogg, slik som vi på DKLstudiet. Ein av elevane har dårlig tid og ser på kva dei andre har skrive. Mykje er godt skrive og det blir litt klipp og lim før teksten er komplett! Altså har medelevane skrive teksten for den som kom sist, utan at dei veit om det!

Elevane må få lære korleis ein skal bruke kvarandre, internett og fagbøker som gode kjelder. Kjeldene skal brukast til å underbygge påstandar slik at også din tekst blir meir truverdig.



___________________________________________________

JonblOGG, blogg om plagiat av tekster, (URL:http://infodesign.no/2007/03/legitimerer-teknisk-plagiatkontroll-en.htm? -Lesedato: 01.10.2009).

Bruk av internettsider for å fremje læring.

Eg har ikkje hatt jobb i skulen enda og har derfor ikkje prøvd ut så mange læringsressurser på nettet med elevene. Heller ikkje i praksisperioder i almennlærarutdanninga. Sjølv om eg ikkje har prøvd ut http://www.norsksidene.no/ med elever meinar eg elevane vil ha god nytte av desse sidene i norskfaget.

"Hypertekst er et tekststruktureringsprinsipp, en måte å ordne tekstsegmenter på" (Karlsen og Wølner 2006: 95). Norsksidene.no bruker koblinger til å strukturere siden. Ved å klikke på koblingene i margen til venstre vil det komme opp fleire koblinger som avgrenser temaet enda mer slik at kvar side berre vil ta for seg litt av det store emnet ein klikka på, på startsida. Det gjer at det ikkje er så masse tekst på kvar side, og kan derfor også brukast for dei som slit med lesinga.

Elevane kan ikkje berre gjere oppgåver innafor fleire område som rettskriving, grammatikk og sjanger osb, men også lese teorien bak dette. Om dette er glemt fra undervisninga kan elevane no lese seg til det sjølv før dei prøver seg på ulike oppgåver på ulike nivå. Siden det er så godt forklart kan siden også bli brukt som heimelekse der elevane skal gjere bestemte oppgåver. Foreldre som er usikker på kva som er meint med oppgåvene kan då lese seg til det på ein lett måte og deretter hjelpe sine håpefulle.

__________________________________________________________
Karlsen, Asgjerd Vea og Tor Arne Wølner (2006): Den femte grunnleggende ferdighet. Portefølje og digitale mapper- et sted for læring. Oslo: Gyldendal Akademisk

mandag 21. september 2009

Dataansvarlige i skulen

Dataansvarlige på skulen bør for det første ha god kunnskap om data generelt og nettverk. Denne personen må vere tilgjengeleg ofte, det kjem an på kor stor skulen er og kor aktive lærarane er å bruke IKT i undervisninga si. det viktige er at lærarane kan få hjelp når dei treng, og ikkje lenge etterpå. Då er det for seint og undervisninga er forbi. Derfor synes eg dataansvarleg skal vere ei heil stilling, eller skal vere besatt av nokon som har mykje kontortid og lite undervisning slik at ikkje dataansvarleg må gå frå sin undervisning for å hjelpe andre.

På den andre side meinar eg at alle lærarar bør ha grunnleggande datakompetanse slik at dei til ein viss grad kan hjelpe seg sjølv, utan å måtte spørre elevar og i andrerekke dataansvarleg.

Den som har vervet som dataansvarleg må få noko tid til å oppdatere seg på ny teknologi slik at skulen kan følge med i det digitale samfunnet. Både når det gjelder det tekniske og prøgramvarer som kan gi nye moglegheiter for undervisninga.

Lenke til oppgåva i Google dokumenter: https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/View?id=dhccsmwg_2c3r479dh

fredag 18. september 2009

Skulens ressurser vs. elevens tilgang på digitale verkty heime.

Skulen er i den posisjon at ei kjenner at den kanskje henger litt etter med IKT-verktya sine i forhold til kva dei private heimar er utstyrt med. Det kan vere fleire grunnar til denne kjensla. Ein av grunnane er at skulen ofte vel å bruke andre program enn heimane. Derfor har ikkje elevane så stor kompetanse i skulens program. Alt som er nytt må lærast og treng tilvenning for å kunne brukast effektivt.

Til dømes vel ofte skulane OpenOffice framfor Microsoft office-pakken. Ein grunn til dette er nok økonomi. Det er kjent at skulane har dårleg med ressursar. Det ein skal vere klar over er at mange av gratisprogramma ikkje har like mange moglegheiter som tilsvarande program som må kjøpast.


Utfordringa for lærarar er i dag å få elevane til å sjå moglegheitene i IKT-utstyret skulen disponerer. Kanskje maskinene er eldre enn dei elevane har heime, dei brukar lengre tid på enkelte operasjoner, men dei programma som faktisk er tilgjengeleg går faktisk an å bruke! Utfordringa er vel heller at elevane er meir kjend med programma dei har heime enn dei som skulen nyttar. Elevane må få bruke datamaskinene til oppgåver som ein veit ein kan gjennomføre med dei ressursane ein har tilgjengeleg, elles vil skulens IKTverkty kjennast meir utdatert enn dei kanskje er?


Er dykk einig? Er det fornuft i dette?

NO er vi igang...

Gleder meg til å begynne å legge ut i bloggen min kva eg driv med i faget.. ser fram til eit spennande år... HURRA=)