torsdag 11. februar 2010

Bruk av Comic life i undervisninga

Når eg har laga ei "teikneserie" i comic life har eg tatt utgangspunkt i at elevane kan bruke dette verktyet til å gjenfortelje private eller faglege hendingar. Ved å gjere hendingane om til teikneseriar vil elevane bli tvungen til å gjenfortelje med eigne ord. Det blir vanskeligere å kopiere tekst frå læreboka eller internett enn om ein skal skrive eller fortelje historia. Dessutan må elevane finne bilete som passer inn i historia. Det kan vere lurt at lærar har funne fram nokon bilete på førehand slik at ikkje bileteleiting tar for mykje tid av arbeidet. Eit anna alternativ er i Kunst og Handverksfaget der elevane teikner bileta og scanner inn og bruker Comic Life til å lage snakkebobler og layout.

Eg har laga ei kort, og lite detaljert framstilling av forfattaren Nordahl Grieg sitt liv. May Helen har tatt eit anna perspektiv, å gjenfortelje ei hending som skjedde på fritida. Hennar teikneserie finn du her.



Når eg i det følgande vil komme med ulike kompetansemål der slikt arbeid passer inn under vil eg fokusere på mellomsteget.

Etter 7. årstrinn:
Norsk
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- referere og oppsummere tekster
- presentere egne leseerfaringer fra skjønnlitteratur og fagbøker skriftleg
- bearbeide digitale tekster og drøfte virkningene.
- presentere egne tolkninger av personer, handling og tema i et variert utvalg av barne- og ungdomslitteratur (...)
- Lese og gjengi innholdet i enkle litterære tekster på svensk og dansk

Samfunnsfag:
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- gjere greie for entrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa (...)
- skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar du frå samfunnet dei lever i

Kunst og håndverk:
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- lage tegneserier (...)

_________________________________________________________
UFD (2006) Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Midlertidig utgave 2006. Oslo, Utdanningsdirektoratet

1 kommentar:

  1. "Ved å gjere hendingane om til teikneseriar vil elevane bli tvungen til å gjenfortelje med eigne ord. Det blir vanskeligere å kopiere tekst frå læreboka eller internett enn om ein skal skrive eller fortelje historia." ..glimrende poeng, og helt i tråd med mye som er sagt i digitalarena-emnet om at vi i stor grad kan møte "klippelime-utfordringen" gjennom kreative arbeidsmåter.

    SvarSlett