torsdag 12. november 2009

Refleksjon rundt bruk av digital lyd i undervisninga.

Ein kan bruke digital lyd i mange ulike fag i skulen. Det første eg tenkte på var å knytte det opp til leseopplæringa. Elevane les inn ein tekst og kan forbetre den så mange gongar dei vil før innlevering eller framvisning. ”Elevene har full kontroll over sin egen lesing og uttale” (Høiland og Wølner 2007: 90). Slik vil lærar motivere elevane til mengetrening innafor lesing. Alle elevar treng mengdetrening også etter leseopplæringa er overstått. Dette vil vere ein kjekk måte å prøve lese best mogeleg på. Medelevane treng då ikkje vite kor mange gongar ein har lest, men høyrer berre det eleven sjølv er fornøgd med om det framførast. Innspelingane kan også leggast i ei digital mappe og bli tatt fram med gjevne mellomrom for å vise eleven at ein blir betre lesarar ved øving.

Eg meinar elevar bør få sjå korleis eit lydprogram som Audacity fungerer, både med innspeling og redigeringsmoglegheiter. I dag er det veldig populært for ungdom å redigere bilete og eg reknar med at framover vil det også bli eit større marked for lydredigering. Når eg var liten var det veldig populert ei periode å spele inn lyd med kassettspelar. Der laga vi radiosendingar med nyhende, reklame og musikkinnslag. Når elevane blir kjent med programmet vil elevane sjå at dette er eit godt alternativ til den gode gamle kassettspilleren. Dette gir elevane større fridom til å lage akkurat det dei har lyst til ved å kunne redigere og legge lyden lag på lag.

Lyd kan også bli brukt som hjelpemiddel for elever som ikkje har så gode leseferdigheiter. Det har lenge vert utgitt bøker og kassetter/ cder som høyrer saman, der ein kan følgje med på teksten i boka medan ein høyrer den vert opplest. Slike cder er også nå utgitt saman med nokre skulebøker. Blant skjønnlitteratur er dei også kjende, og ein kan få tak i lydbøker med ulik lesehastighet slik at ein kan tilpasse høyringa til ulike elevgrupper.

___________________________________________

Høiland, Terje, Wølner, Tor Arne (2007): Fra digital ferdighet til kompetanse- om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar