søndag 1. november 2009

Bruk av rekneark

I grunnskulen brukte vi svært lite rekneark. Skulle det brukast var det innafor økonomi og statistikk i matematikkfaget. I fjor utvida horisonten seg for bruk av programmet ved at vi i kurset Matematikk 2 på HVO fekk lære korleis bruke rekneark til å trille terningar og rekne sannsyn av dette. I tillegg fekk vi innsyn i korleis bruke formlar i reknearket til å lage talrekker.

Det som var nytt for meg i denne leksjonen var bruk av betinga hendingar. Dette var spennande. Her opna det seg ei verd som ein godt kan bruke i skulen! Eg har i denne oppgåva i utgangspunktet brukt Exel 2007 men har importert filene i Google dokumenter når eg skulle publisere filene.

Den første fila eg har laga er ei matematikkoppgåve for lavare klassesteg som tar for seg tiarvenene.
https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=0Aqrkecnmsj9udDlCUWdaV0czNEtRTnBoUnhFdElONkE&hl=no

Elevane kan skrive inn tala dei meinar er tiarvener og får respons med ein gong om det er riktig. Ein variasjon på tilbakemeldinga kan vere at ruta dei skriv i blir grøn om dei får rett og raud om dei tek feil. Kanskje dette er ei betre tilnærming til elevane som ikkje les så godt enda?

I den neste oppgåva har eg tenkt på litt eldre elevar og tatt utgangspunkt i gangetabellane. https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=0Aqrkecnmsj9udE1KbG81eDlJekRJRVFqLVh6WDNhYmc&hl=no
Her kan elevane øve seg i alle mulige gangetabeller og få svar med ein gong om det er rett.. for å gi dei meir utfording kan ein endre rekkefølga på kolonne 2 slik at ein ikkje ganger først med ein og så med to...

Den tredje linken viser til korleis ein kan gjennomføre eller øve til ei gloseprøve... https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=0Aqrkecnmsj9udDhzVklTX0RXaEQxam80bjEwZjdmNEE&hl=no
Ein kan her tilpasse oppgåva til ulike fag. Einaste føresetnad er at svara i oppgåvene er eintydlige slik at ein kan seie om det er rett eller gale. Ein kan for eksempel øve rettskriving i norsk eller faktaspørsmål i samfunnsfag, RLE eller naturfag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar