mandag 21. september 2009

Dataansvarlige i skulen

Dataansvarlige på skulen bør for det første ha god kunnskap om data generelt og nettverk. Denne personen må vere tilgjengeleg ofte, det kjem an på kor stor skulen er og kor aktive lærarane er å bruke IKT i undervisninga si. det viktige er at lærarane kan få hjelp når dei treng, og ikkje lenge etterpå. Då er det for seint og undervisninga er forbi. Derfor synes eg dataansvarleg skal vere ei heil stilling, eller skal vere besatt av nokon som har mykje kontortid og lite undervisning slik at ikkje dataansvarleg må gå frå sin undervisning for å hjelpe andre.

På den andre side meinar eg at alle lærarar bør ha grunnleggande datakompetanse slik at dei til ein viss grad kan hjelpe seg sjølv, utan å måtte spørre elevar og i andrerekke dataansvarleg.

Den som har vervet som dataansvarleg må få noko tid til å oppdatere seg på ny teknologi slik at skulen kan følge med i det digitale samfunnet. Både når det gjelder det tekniske og prøgramvarer som kan gi nye moglegheiter for undervisninga.

Lenke til oppgåva i Google dokumenter: https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/View?id=dhccsmwg_2c3r479dh

1 kommentar:

  1. Veldig mange gode poeng her Marie!

    Eg er heilt einig i at den dataansvarlige kanskje bør ha ei heil stilling og ikkje jobbe som lærar i tillegg, slik at han/ho får tid til å gjere jobben sin skikkelig, og vere oppdatert. Det er også ein stor fordel at lærarane også kan ein del grunnleggande om data, slik at ein kan klare å ordne opp i enkle problem sjølve, så ein slepp å mase på alle andre heile tida. Det er vel derfor vi tek dette faget ;)

    SvarSlett