tirsdag 6. oktober 2009

Kommentar på innlegg om bruk av digitale hjelpemiddel i undervisninga

May Helen har skrive om ulike utfordingar det er med å bruke digitale verkty i undervisninga. Dette har eg skrive som kommentar til ho.

Bra det du skriv om at IKT må vere ein naturleg del av skulekvardagen for at elevane skal ha maks utbytte av dei digitale hjelpemidla. Elevane må kunne bruke programma på hensiktsmessig måte og sjå kor læringa skjer i programmet. Ungar lærer mykje gjennom leik og dette kan ein godt ta med seg inn i klasserommet slik du seier. Ved å bruke pedagogiske program som også er spel vil elevane kunne ta med seg tidlegare kunnskap om dataspel og bruke dette til å lære meir fag! Å lære skal vere kjekt. Utfordringa for læraren her etter mitt syn er å la elevane bli bevisst på si eiga læring etter økter med pedagogiske program.

For eldre elevar som ofte skal bruke tekstbehandling i skriveprosessen kan det ofte vere fristande å gå på internett istaden. Tekstbehandlingsprogram har verken lyd eller bileter ein kan bruke til å fange merksemda til elevane og alt dei ser på sjermen har dei produsert sjølve. Når ting blir kjedelig (feks at dei har skrivesperre) er det lett å gå inn på internett for å "finne inspirasjon". Det dei eigentleg gjer er vel heller å rote fokuset vekk frå skulearbeidet. Internett og fritidsspel bør heller ikkje brukast som belønning når elevane er ferdig med det dei skal gjere. nokon vil aldri komme så langt at dei får belønninga utan å ta ein eller fleire snarvegar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar